Nynorsk litteratur femner over svært ulike tema, personar, sjangrar - akkurat som bokmålslitteraturen. Eg les med glede ikkje berre Haldis Moren Vesaas’ lyrikk, men og t.d. Jørgen Norheims romanar og Hellesnes’ sakprosa. Desse er så heime i sitt eige språk. Oversett ein dei til bokmål skulle mykje gå tapt, slik høvet er ved mest all omsetjing. Kjennskapen min til nynorsk er stor nok til at eg kan forstå og verdsete dei. At eg sjølv ikkje kan nytte dette skriftspråket er ein slags analfabetisme og ein brest ved mi allmenndanning.
For meg er det nynorske språket ein grannestove eg gjerne vitja. Men heimen min vart ein annan stad. Å være naturleg er, som Oscar Wilde påpeika, ein svært vanskeleg stilling å posera i. Språk er kultur, ikkje natur. Spar snakket om kva slags skriftspråk som er det naturlege for ein nordlending. Etter å ha vorte prega av 30 års lesnad, fell det meg mest naturleg å skrive eit heller konservativt bokmål, med tysk syntaks, ofte ispedd engelske talemåtar. Det største problemet er ikkje mi grammatikalske fåkunne, men at eg tenkjer på bokmål. Ein mann som Nils Rune Langeland tenkjer ved hjelp av nynorske kategoriar og idiom, utan genitivs-s, utan å vakla mellom arkaiske nynorskformer og moderne. Han meistrar ulike stilleie og sosiolekt. Han kan leika medveten med språket, innfrir humorens krav til presisjon og doble tydingar. Eg kan ikkje det, og slikt gjer ein skrivande fant tagal og stur. Eg saknar den gamle verktykista mi. Mi handtverkar-stoltheit forbyr meg å agere urmakar med eit par skruvjarn og ein lommekniv. Ikkje fordi nynorsk er eit fattig språk, men fordi min nynorsk er det.
Difor overlet eg ordet til Jørgen
Nordheim for å beskrive fenomenet nynorsk som minoritetskultur. I romanen
”Liten svein i bærskog ut” let han ein danna nynorsk ’innvandrar’ reflektere
over møtet med ein urban middelklassenormalitet der folk ikkje trong ”definere
sine interesser i forhold til andre, dei berre var ":
2 kommentarer:
Dette var tankar som høvde når det går mot helg. Sjøl vende eg tilbake til nynorsk etter å ha flytta ein tur over fjellet mot aust. Det var som om eg trengde til noko å kle meg med som var mitt, noko eg ville stå for i møte med den strie straumen som ville gjera meg til eit moderne, nytt, norsk menneske. Eg ville heller vera nynorskmenneske, fann eg ut.
Eg var med på skiping av målungdomslaget ved den vidaregåande skulen eg gjekk, på 80-talet midt i tjukkaste Nidaros. Eller Trondheim, som det borgarlege kompromisset vart ved terskelen til trettitalet.
Men fleire av momenta dine gjaldt også meg, i særleg grad kjende eg meg att i verkty-kassa: Eg kjende meg alltid så forvirra og naken når eg la snirklane og anbehetelsane vekk. Konsekvensen tok eg ved det att eg heldt fast ved bokmålet som hovudmål - flørten med nynorsk hadde nok og eit element av intellektuell oppstode.
Min gode venn Oddmund var den som stod løpet ut og tok investeringskostnaden med å legga om. Han vart seinare leiar i Mållaget - sjølv er eg medgangstilhengjar av målrørsla, og held Dag og Tid med glede.
Legg inn en kommentar