*

*
Voops, beklager, du har sannsynligvis gått feil, dette er en side for ekstremsport av typen lengre tekster. Du risikerer å bli sittende alt for lenge.

torsdag 24. november 2011

På respektfull avstand.




Kva er mi nordnorske tilnærming til det nynorske språket?
Nynorsk litteratur femner over svært ulike tema, personar, sjangrar - akkurat som bokmålslitteraturen. Eg les med glede ikkje berre Haldis Moren Vesaas’ lyrikk, men og t.d. Jørgen Norheims romanar og Hellesnes’ sakprosa. Desse er så heime i sitt eige språk. Oversett ein dei til bokmål skulle mykje gå tapt, slik høvet er ved mest all omsetjing.  Kjennskapen min til nynorsk er stor nok til at eg kan forstå og verdsete dei. At eg sjølv ikkje kan nytte dette skriftspråket er ein slags analfabetisme og ein brest ved mi allmenndanning.  

For meg er det nynorske språket ein grannestove eg gjerne vitja. Men heimen min vart ein annan stad. Å være naturleg er, som Oscar Wilde påpeika, ein svært vanskeleg stilling å posera i. Språk er kultur, ikkje natur. Spar snakket om kva slags skriftspråk som er det naturlege for ein nordlending. Etter å ha vorte prega av 30 års lesnad, fell det meg mest naturleg å skrive eit heller konservativt bokmål, med tysk syntaks, ofte ispedd  engelske talemåtar. Det største problemet er ikkje mi grammatikalske fåkunne, men at eg tenkjer på bokmål. Ein mann som Nils Rune Langeland tenkjer ved hjelp av nynorske kategoriar og idiom, utan genitivs-s, utan å vakla mellom arkaiske nynorskformer og moderne. Han meistrar ulike stilleie og sosiolekt. Han kan leika medveten med språket, innfrir humorens krav til presisjon og doble tydingar. Eg kan ikkje det, og slikt gjer ein skrivande fant tagal og stur. Eg saknar den gamle verktykista mi. Mi handtverkar-stoltheit forbyr meg å agere urmakar med eit par skruvjarn og ein lommekniv. Ikkje fordi nynorsk er eit fattig språk, men fordi min nynorsk er det. 



Difor overlet eg ordet til Jørgen Nordheim for å beskrive fenomenet nynorsk som minoritetskultur. I romanen ”Liten svein i bærskog ut” let han ein danna nynorsk ’innvandrar’ reflektere over møtet med ein urban middelklassenormalitet der folk ikkje trong ”definere sine interesser i forhold til andre, dei berre var ":

"Men fordi minoriteten ikkje kan oppfylle grunnleggjande behov innanfor sitt eige, blir han besett av eit driv til å søkje utanfor seg sjølv: lesa, studere, reise, samanlikne, alltid vidare. Det er eit slitsamt arbeid både for kjensler og intellekt å måtte finne seg sjølv i stadig kamp mot ei overmakt, til og med mot ei overmakt som ofte ikkje erkjenner at ho er ei makt. Den som må gå ein så tungvint veg for å finne seg sjølv, vil alltid få brodd mot dei mange og dei mektige.(..)Majoriteten manglar dette drivet til å orientere seg utover sitt eige, ettersom dei får stetta alle sine behov innanfor gruppa. Er det kanskje difor målfolk millom sine bakkar og berg, med sitt lass av kunnskapar, er så sære og vanskelege å vera i lag med, alltid klare med hoven, medan fruene i hovudstaden er joviale, verdensvante og kunnskapslause? "


Ivar Bakke

Og nå som du trodde du var ferdig bør du for all del unngå å trykke her !

2 kommentarer:

marittotland sa...

Dette var tankar som høvde når det går mot helg. Sjøl vende eg tilbake til nynorsk etter å ha flytta ein tur over fjellet mot aust. Det var som om eg trengde til noko å kle meg med som var mitt, noko eg ville stå for i møte med den strie straumen som ville gjera meg til eit moderne, nytt, norsk menneske. Eg ville heller vera nynorskmenneske, fann eg ut.

Hans Marius sa...

Eg var med på skiping av målungdomslaget ved den vidaregåande skulen eg gjekk, på 80-talet midt i tjukkaste Nidaros. Eller Trondheim, som det borgarlege kompromisset vart ved terskelen til trettitalet.

Men fleire av momenta dine gjaldt også meg, i særleg grad kjende eg meg att i verkty-kassa: Eg kjende meg alltid så forvirra og naken når eg la snirklane og anbehetelsane vekk. Konsekvensen tok eg ved det att eg heldt fast ved bokmålet som hovudmål - flørten med nynorsk hadde nok og eit element av intellektuell oppstode.

Min gode venn Oddmund var den som stod løpet ut og tok investeringskostnaden med å legga om. Han vart seinare leiar i Mållaget - sjølv er eg medgangstilhengjar av målrørsla, og held Dag og Tid med glede.