*

*
Voops, beklager, du har sannsynligvis gått feil, dette er en side for ekstremsport av typen lengre tekster. Du risikerer å bli sittende alt for lenge.

søndag 21. august 2011

En drittjobb til besvær

En gang i verden var jeg kelner. En gang i verden skrev jeg bokanmeldelser på nynorsk i Dag og Tid.                                             En av bøkene jeg skrev om var Lotta Elstads bok "En såkalt drittjobb"




For at du skal lese vidare i nett denne bokmeldinga, kjem først litt saftig «innside information» frå privatlivet åt bokmeldaren: Borna mine, som no gjer den klassereisa eg aldri eigenleg drøymde om, seier eg bør få meg ei utdanning og ein seriøs jobb. «Men eg trivst i jobben!», seier eg. «Ja, men kor lenge held du ut, trur du verkeleg du kan halde fram slik til du er over seksti?» Eg vert svar skuldig. Fordi eg har det mange kallar ein dritjobb, der sølet og skiten åt andre er den fremste oppgåva mi. Og der dei som ikkje kjem seg vekk har gode sjansar til å halde ut fram til uføretrygda, men ikkje fram til pensjonsalderen. Men eg vil ikkje misse jobben og er ikkje fast tilsett, så no over til noko litt anna.

SYSTEMTVANG 
Lotta Elstads bok om tilhøva for dei som arbeider på hotella til Olav Thon, synleggjer arbeidsdagen åt dei mange deltidsinnleigde innanfor hotell- og restaurantnæringa. Boka byggjer på eigne røynsler og er truleg representativ for ein bransje der underbemanning og høgt tempo er det normale, ikkje unnataket. Lønsskilnaden mellom dei høglønte kvitsnippyrka og dei andre har byrja å vekse att. Det har mange dårlege konsekvensar. Elstad gjer seg interessante reflek sjonar om den systemtvangen som fører til ein arbeidsmarknad der stadig færre skal rekke stadig meir, og der kontroll og dokumentasjon trugar med å forpesta elles trivelege jobbar. Kva skjer med eit arbeidsmiljø – eller det endelege argumentet i dagens debatt – kva skjer med produktiviteten på ein arbeidsplass der dei tilsette ikkje kjenner seg verdsette eller respekterte, men kontrollerte og utnytta? Og der dei, same kor fort dei spring, får høyre at dei må makte meir. Dei vil bort, om dei kan. Mange kan ikkje. Vil me at det skal vere slik?

Den stramme arbeidsmarknaden i etterkrigstida førde til at arbeidskraft var noko ein måtte betale for. Det vart på si side eit incitament til rasjonalisering og modernisering: Bort med tungt, manuelt arbeid, set inn kunnskap og maskiner i staden. Det lønte seg. Nett den auka kjøpekrafta åt vanlege folk sytte òg for at det var etterspurnad etter annan type arbeid; ho bidrog til moderniseringa. No vert denne utviklinga snudd att; køen av gjestearbeidarar gjer at alle som mukkar, kan verte skifte ut med dei som finn seg i alt. Det er ein konsekvens av politiske vegval. Det råkar kvardagen åt svært mange av oss, og mest utsette av alle er dei nye  landsmennene våre. Lotta Elstad veit av eiga røynsle at den eldgamle motsetnaden mellom arbeids- og kapitalinteresser ikkje er borte. Han er der framleis, jamvel om mange av dei som sit med definisjonsmakta har slutta å interessere seg for han. Dei som sit på den grøne greina har ein lei tendens til å tru at alle andre gjer det same. Etter å ha lese Elstads bok har dei inga orsaking.
 
MORALSK PÅMINNING
Boka syner fram eit aukande samfunnsproblem, slik dei det råkar opplever det. Elstad tydeleggjer også den «strukturelle skiten», dei mekanismane og interessemotsetnadene som skaper dei tilstandane ho skildrar. Boka er eit intelligent utgangspunkt for ein opplysande politisk debatt. Samstundes er soga hennar ei moralsk påminning om kor viktig den einskilde kollegaen er i eit arbeidsmiljø. Han som ikkje resignerer, men har mot og ansvarskjensle til å bry seg. Urettvise makttilhøve har vorte fjerna før. Det har ikkje hendt av di folk har teke seg saman og vorte snille og flittige, men fordi problema har vorte tekne ut or den private sfæren og gjorde til eit sams, politisk ansvar. Fordi alle har menneskeverd – dei er noko meir enn innsatsfaktorar i eit økonomisk spel. Kor det går med oss, er avhengig av evnene våre og ein god porsjon slump. Men det finst òg spelereglar. Dei kan endrast, om dei syner seg urettvise.

Ivar Bakke

Og nå som du trodde du var ferdig bør du for all del unngå å trykke her !