torsdag 24. november 2011

På respektfull avstand.




Kva er mi nordnorske tilnærming til det nynorske språket?
Nynorsk litteratur femner over svært ulike tema, personar, sjangrar - akkurat som bokmålslitteraturen. Eg les med glede ikkje berre Haldis Moren Vesaas’ lyrikk, men og t.d. Jørgen Norheims romanar og Hellesnes’ sakprosa. Desse er så heime i sitt eige språk. Oversett ein dei til bokmål skulle mykje gå tapt, slik høvet er ved mest all omsetjing. Kjennskapen min til nynorsk er stor nok til at eg kan forstå og verdsete dei. At eg sjølv ikkje kan nytte dette skriftspråket er ein slags analfabetisme og ein brest ved mi allmenndanning.


For meg er det nynorske språket ein grannestove eg gjerne vitja. Men heimen min vart ein annan stad. Å være naturleg er, som Oscar Wilde påpeika, ein svært vanskeleg stilling å posera i. Språk er kultur, ikkje natur. Spar snakket om kva slags skriftspråk som er det naturlege for ein nordlending. Etter å ha vorte prega av 30 års lesnad, fell det meg mest naturleg å skrive eit heller konservativt bokmål, med tysk syntaks, ofte ispedd engelske talemåtar. Det største problemet er ikkje mi grammatikalske fåkunne, men at eg tenkjer på bokmål. Ein mann som Nils Rune Langeland tenkjer ved hjelp av nynorske kategoriar og idiom, utan genitivs-s, utan å vakla mellom arkaiske nynorskformer og moderne. Han meistrar ulike stilleie og sosiolekt. Han kan leika medveten med språket, innfrir humorens krav til presisjon og doble tydingar. Eg kan ikkje det, og slikt gjer ein skrivande fant tagal og stur. Eg saknar den gamle verktykista mi. Mi handtverkar-stoltheit forbyr meg å agere urmakar med eit par skruvjarn og ein lommekniv. Ikkje fordi nynorsk er eit fattig språk, men fordi min nynorsk er det.



Difor overlet eg ordet til Jørgen Nordheim for å beskrive fenomenet nynorsk som minoritetskultur. I romanen ”Liten svein i bærskog ut” let han ein danna nynorsk ’innvandrar’ reflektere over møtet med ein urban middelklassenormalitet der folk ikkje trong ”definere sine interesser i forhold til andre, dei berre var ":

"Men fordi minoriteten ikkje kan oppfylle grunnleggjande behov innanfor sitt eige, blir han besett av eit driv til å søkje utanfor seg sjølv: lesa, studere, reise, samanlikne, alltid vidare. Det er eit slitsamt arbeid både for kjensler og intellekt å måtte finne seg sjølv i stadig kamp mot ei overmakt, til og med mot ei overmakt som ofte ikkje erkjenner at ho er ei makt. Den som må gå ein så tungvint veg for å finne seg sjølv, vil alltid få brodd mot dei mange og dei mektige.(..)Majoriteten manglar dette drivet til å orientere seg utover sitt eige, ettersom dei får stetta alle sine behov innanfor gruppa. Er det kanskje difor målfolk millom sine bakkar og berg, med sitt lass av kunnskapar, er så sære og vanskelege å vera i lag med, alltid klare med hoven, medan fruene i hovudstaden er joviale, verdensvante og kunnskapslause? "

Ivar Bakke

Og nå som du trodde du var ferdig bør du for all del unngå å trykke her !